Lær det grunnleggande

Lær meir om skrivebordet på elementary OS, og korleis du navigerar vindauge, arbeidsområde og meir.

Skrivebord

Skrivebordet på elementary OS består av to deler. Panelet og Docken. Du kan tilpassa bakgrunnsbiletet på skrivebordet ved å sekundærtrykka på skrivebordet. Du kan og endra utsjånaden og oppførselen til skrivebordet frå SysteminnstillingarSkrivebord.

Panelet

Øverst på skrivebordet finn du panelet. Til venstre finn du applikasjonar. I midten finn du dato og klokkeslett. Og til høgre finn du systemindikatorar.

  1. Appmeny
  2. Dato og klokkeslett
  3. Systemindikatorar
Panelet

Appmeny

Når du vil opna eller søkja blant installerte appar veljer du Applikasjonar på panelet. Du kan bla gjennom appane dine med mus, sveipa med fingrane på trykkeflata, eller bruka sideknappane på botnen. Når du vil endra visning kan du trykka på knappen for rutenett, eller kategorivisning.

Appmeny

Begynn å skriva noko i søkefeltet for å søkja etter appar med navn eller nøkkelord. Når du søkjer vil du i tillegg få opp ulike funksjonar i appar, og Systeminnstillingar. Når du søkjer kan du til dømes:

For å opna Applikasjonar-menyen med tastaturet ditt kan du trykka på Mellomrom.

Dato og klokkeslett

Indikatoren for dato og klokkeslett på midten av panelet viser sjølvsagt datoen og klokkeslettet. Når du trykkjer på indikatoren kan du sjå kalenderen og kommande hendingar. Dobbeltrykk på ein dag eller ein hending for å opna Kalender-appen.

Systemindikatorar

Systemindikatorane til høgre på panelet visar deg status på eininga som nettverkstilkopling, batteristatus, lydvalg og varslingar. Når du trykkjer på ein indikator får du opp meir relevant informasjon og valg.

Når du held peikaren på ein indikator, eller bruker midttrykk og trefinger-trykk, kan du sjå rask informasjon og gjera enkle valg. Til dømes:

Ankeret

På botnen av skrivebordet finn du Docken. Den gjer deg rask tilgang til dine favoritt-appar, og siste opna appar.

Ankeret

Når du vil legga til ein app i Docken kan du trykka og dra appen frå Applikasjonar-menyen, eller sekundærtrykka på ikonet til appen og velja Hold i docken. Dersom du vil fjerna ein app frå Docken trykkar du og drar den til ein tom plass på skrivebordet ditt. Du kan óg sekundærtrykka på ikonet og ta vekk merkinga på Hold i docken. Du kan flytta plasseringa på appane i Docken ved å trykka og dra.

Docken gøymer seg automatisk frå botnen av skrivebordet når du har ein app i fullskjerm, eller appen ligg ovanfor Docken. Når du vil sjå Docken igjen kan du flytta peikaren til botnen av skrivebordet, og den vil automatisk visa seg igjen.

Ved å gå til SysteminnstillingarSkrivebordDock og panel kan du endra storleik og oppførsel for Docken.

Appvindauge

Når du opnar ein app vil vindauget til appen bli vist på skrivebordet. Designet og utsjånaden på forskjellige appar vil vera ulike, men dei fleste vindauge kan du lukka, flytta og endra storleik på.

Toppfelt

Dei fleste appar har ein toppmeny på toppen av vindauge der du finn vindaugsknappar og val- og navigasjonsknappar.

Du kan flytta eit vindauge ved å trykka og dra på toppmenyen eller ved å trykka på AltF7 samtidig som du flytter på pila.

Toppfelt

Du kan sekundærtrykka på toppmenyen for å få rask tilgong til valg for vindauge og arbeidsområde.

Vindaugsknappar

Vindaugsknappane til appen er i topphjørnene i appvindauget. Til venstre finn du knappen for å lukka vindauge, og til høgre finn du knappen for å endra storleik til fullskjerm. Når du lukkar eit vindauge vil du samtidig lukka appen. Du kan opna appen på nytt frå Applikasjonar eller Ankeret. Når du endrer storleik til fullskjerm vil vindauget ta opp mesteparten av skrivebordet, sett bortifrå panelet og Ankeret.

Du kan óg dra eit vindauge til toppen av skrivebordet eller trykka to gonger på toppmenyen for å endra storleik til fullskjerm. For å endra storleik tilbake igjen kan du dra vindauget ned frå toppen av skrivebordet, eller trykka to gonger på toppmenyen.

Endra storleik

Dei fleste appar kan du endra storleik på ved å flytta peikaren til kanten på vindauget, og så dra peikaren. Du kan og sekundærtrykka på toppmenyen til appen og velja Endra storleik, eller trykka AltF8 samtidig som du flytter peikaren i den retningen du vil endra storleiken på vindauget til.

Fleiroppgåvekjøring

elementary OS tar i bruk både vindauge og arbeidsområde for fleiroppgåvekjøring.

Vindauge

Appvindauge kan overlappa på skrivebordet ditt, og dei kan flyttast på. Du kan bytta mellom åpne vindauge på fleire vis:

Arbeidsområde

Appvindauge vil opnast i arbeidsområde du er inne i. Men du kan setta opp fleire arbeidsområde for å organisera det du held på med:

Arbeidsområde

For å gå til venstre eller høgre mellom arbeidsområde kan du trykka på eller . Du kan óg sveipa med tre fingrar på peikeflata eller berøringsskjermen.

Du kan gå til eit spesifikt arbeidsområde ved å trykka på 1 og heilt til 9. Om du vil gå til det nyaste arbeidsområdet kan du trykka på 0.

Du kan flytta vindauge mellom arbeidsområde ved å dra dei i Fleiroppgåvekjøring eller ved å trykka på Alt eller.

Du kan sjølv endra på desse snarvegane i SysteminnstillingarTastaturSnarvegarArbeidsområde.

Nokre vindauge vil automatisk opna seg i fullskjerm på eit nytt arbeidsområde. Du kan flytta deg mellom arbeidsområde som vanleg og når du lukkar eller endrar storleik på vindauget vil du gå tilbake til det forrige arbeidsområdet du var inne i.

Fleiroppgåvekjøring

Fleiroppgåvekjøring

Visninga for fleiroppgåvekjøring gjer deg ein oversikt over alle opne vindauge og arbeidsområde slik at du kan bytta mellom dei. Det er fleire måtar å opna visninga på, og du kan enten trykka på Fleiroppgåvekjøring i ankeret, trykka på , eller sveipa opp med tre fingrar på peikeflata eller berøringsskjermen.

Bevegelsar

elementary OS kjem med støtte for bevegelsar på fleirtrykksskjerm på maskinvare som peikeflater eller berøringsskjemar. Ut av boksen vil eit sveip med tre fingrar mot venstre eller høgre bytta arbeidsområde, medan eit sveip med tre fingrar opp tar deg til visninga for fleiroppgåvekjøring.

Du kan endra på bevegelsar frå SysteminnstillingarMus og peikeflateBevegelsar.

Varme hjørne

Funksjonen varme hjørne gjer deg tilgong til snarvegar når du flyttar peikaren til hjørna på skjermen din. Du kan stilla inn varme hjørne slik at det aktiverar handlingar for fleiroppgåvekjøring, arbeidsområde og andre ting.

Du kan stilla inn varme hjørne i SysteminnstillingarSkrivebordFleiroppgåvekjøring.

Fleire skjermar

Panelet, ankeret og arbeidsområde blir vist på hovudskjermen din. Når du har kopla til fleire skjermar vil desse fungera som egne arbeidsområde. Om du vil håndtera eller flytta på oppsettet for skjermar kan du gå til SysteminnstillingarSkjermar. Den skjermen som er stilt inn som hovudskjermen din blir vist med ei full stjerna () og innstillingane for dei ulike skjermane kan du endra frå menyen.

Installera appar

Med elementary OS får du tilgong til AppCenter. Det er den opne appbutikken for uavhengige utviklarar. For å installera ein app:

  1. Opna AppCenter
  2. Du kan søka oppe til høgre i vindauget, eller velja utifrå kategori
  3. Vel Gratis eller den føreslåtte prisen ved sidan av appen du vil installera. Om du vil velja ein annan pris så kan du trykka på -knappen og skriva inn din eigen pris.

Sidelasting

Nokre programvarer frå tredjepartar vil ikkje vera tilgjengelig i AppCenter. Dette gjeld spesielt om programvara er tverrtilgjengelig og ikkje laga spesielt for elementary OS. Du kan sidelasta Flatpak-appar frå tredjepartskjelder som Flathub, eller ved å lasta ned ei .flatpakref eller flatpak-fil. Då vil Sidelasting ta seg av installasjonen. Oppdateringar for programvara, og for andre programvarer frå samme kjelde, vil då bli vist i AppCenter som ikkje-bekrefta.

Hugs at appar som blir sidelasta ikkje har blitt gjennomgått av elementary, og heller ikkje sjekka for tryggleik og personvern.

Hald systemet oppdatert

AppCenter håndterar oppdateringar for appar og operativsystemet. Dette finn du under Installert-fana. Hugs å installer oppdateringar jamnleg for å få dei nyaste funksjonane, feilrettingane og tryggleiksforbetringane. For meir informasjon om tryggleiksoppdateringar kan du lesa Ubuntu sine tryggleiksmerknader.

Systeminnstillingar

I elementary OS er det lett å holda orden på einingar og innstillingar med Systeminnstillingar-appen. Systeminnstillingar lar deg tilpassa tastatursnarveger, skjermoppløysing, bakgrunnsbilete med meir.

Systeminnstillingar

Du kan finna konkrete innstillingar ved å skriva i søkjefeltet på toppen av vindauget.

Innstillingar for appar

Hugs at Systeminnstillingar kun tar hand om systeminnstillingar og brukarinnstillingar for elementary OS. Dersom ein app har egne innstillingar eller valg vil det visast inne i appen.

Tastatursnarvegar

Ulike tastatursnarvegar blir vist i elementary OS når du held peikaren over verktøysknappar, eller i menyar dersom du sekundærtrykker.

For å sjå ein fullstendig oversikt over tastatursnarvegar kan du trykka på -knappen.

Tastatursnarvegar

Du kan tilpassa tastatursnarvegar for skrivebordet i -menyen i visningen, eller i SysteminnstillingarTastaturTastatursnarvegar.