Personvern

Den personlege informasjen din er kun din eigen. Me samlar ikkje inn den personlege informasjonen din, og sel den heller ikkje vidare til annonsørar. Me får inntekta vår frå det brukarane våre ynskjer å betala for elementary OS, og appane i AppCenter. Og det er slik det skal vera.

Me tar vare på din informasjon ved å ikkje la hverken oss sjølve eller andre å lagra den. Me trur at å beskytta og respektera ditt personvern er det riktige å gjera. Folk har ein grunnleggande rett til eit fullverdig personvern - sjølv frå selskap og produkt som dei stolar på.

elementary OS

Me samlar ikkje inn informasjon frå elementary OS. Filene dine, instillingane dine og all anna personlig informasjon blir verande på eininga di, utanom når du sjølv veljer å dela det med ein tredjepart- app eller teneste.

Beskyttelse

elementary OS kjem innebygd med personversbeskyttelse slik at informasjonen din er beskytta frå andre.

Sladrehankar

elementary OS følgjer med på kva appane driv på med. Når ein app brukar mikrofonen din vil det bli vist ein indikator som gjer deg oppmerksom på det. Når ein app brukar mykje straum viser me det til deg i straumindikatoren.

Tilgangar

Når ein app vil få tilgang til informasjonen eller einingane dine må appen spørja deg i forkant. Me går nøye gjennom appar i AppCenter for å sjekka at dei brukar tilgangar på riktig vis. Og du kan alltids trekka tilbake tilgang i Systeminnstillingar.

Husvask

elementary OS ryddar opp midlertidige og søppelfiler. Dette sparar ikkje berre lagringsplass for eininga di, men det gjer óg at personleg informasjon ikkje kjem på avveie.

Nettkontoar

elementary OS er integrert med nettkontoar som e-post eller kalender via Systeminnstillingar. Informasjon frå desse kontoane vil kunne hentast av din elementary OS-installasjon og lagra lokalt på eininga di, slik at innhaldet kan visast i appar som E-post, Kalender og Oppgåver. Informasjonen blir ikkje sendt til elementary, eller delt med andre tredjepartar.

Kva informasjon som blir lagra

Om du vel å legga til ein nettkonto, vil elementary OS-installasjonen din samla inn og lagra namnet, e-postadressa, avatar, e-postmeldinger, hendingar i kalenderen, kontaktar, bilete og filer frå kontoane lokalt på eininga. elementary lagrar ikkje noko av denne informasjonen.

Korleis informasjonen blir brukt

Informasjon og data blir lagra lokalt på eininga di, og blir aldri sendt til elementary sine serverar eller tredjepartar. Informasjon og data blir brukt i appar som E-post, Kalender, Oppgåver, Filer og Bilete slik at du får tilgang til dei.

Deling av informasjon

elementary OS delar ikkje data og informasjon frå dine nettkontoar med andre. Data og informasjon blir aldri sendt til elementary eller tredjepartar.

elementary.io

Plausible Analytics

This website uses the open source Plausible Analytics to anonymously count visits, downloads, etc. You can see the same data we can see on the public dashboard. No cookies are used and no personal data—not even an IP address or browser user agent—is stored. For more information, see the Plausible Data Policy

Informasjonskapslar

Du kan deaktivera eller enkeltvis skru av informasjonskapslar i instillingane i nettlesaren din.

Nettsida nyttar infokapslar for trinnvise forbetringar. Det kan hende at funksjonar på nettsida vil fungera, men med nokre begrensingar. Nettsida vil til dømes ikkje hugsa om du har betalt for elementary OS tidligare, og difor vil du bli bedt om betaling neste gong du lastar ned.

Cloudflare

Lagrar infokapslar for å logga atferd og potensielle truslar. For meir informasjon kan du sjå Cloudfare sine retningslinjer for personvern og sikkerheit

Stripe

Brukar infokapslar for å hugsa den forrige ordren din, og landet du handlar frå slik at du får opp kva kort som du kan betala med. For meir informasjon sjå Stripe sine retningslinjer for personvern

Handsam infokapslar

Sidan du allereie har vitja nettsida vår, vil du kanskje handsama infokapslane som er lagra i nettlesaren din. Nedanfor finn du instruksjonar for dei ulike nettlesarane.

Openheit

Det finst ingen bakdører inn i programvara vår, og me har ikkje motteke forespørsler om det. Me har heller aldri motteke eit NSL, FISA, eller nokon anna form for beordring om å utlevera brukarinformasjon.